Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus har 12 overlegestillingar, 10 LIS-legestillingar og 7 LIS 1 (turnuslegestillingar) i normal drift. Avdelinga har to sengepostar med 25 og 16 sengar, dialysepost, poliklinikk og eigne sengar i interdisiplinær intensiv/overvakingseining. Akuttmottaket tilhøyrer også medisinsk avdeling.
Ved medisinsk legeteneste, Førde sentralsjukehus, er det ledig fast stilling som overlege innan gastroenterologi frå snarast. Startdato: etter avtale.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er knytt til poliklinisk verksemd, sengepostarbeid og vaktarbeid innan generell indremedisin. Det er høg kompetanse innan feltet både hos legar og sjukepleiarar og eit breitt samansett indremedisinsk legekollegium.
Kvalifikasjonar
- Vere autorisert som gastroenterolog og spesialist i indremedisin.
- Ha erfaring frå sengepost- og poliklinisk arbeid. Må vere rettleiar for legar i spesialisering
- Det er ein fordel å ha kjennskap til pasientsystemet DIPS og til det gastromedisinske utstyret frå Olympus
Personlege eigenskapar
- Vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
- Kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
- Høve til å drive utvikling av "Pasientens helseteneste"
- Førde som ein god, familievennleg og kulturell plass med flott natur
- Hjelp med å skaffe bustad
- Løn etter tariff og individuell avtale
- Gode pensjonsordningar
Hildur Thingnes
Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS
Tlf. 578 39 317
Mob.905 23 305
28.10.2018